fredag 29. mai 2015

Har vi nådd måla?

Det er vel det viktige spørsmålet mot slutten av skuleåret! Elevane på niandesteget har fått god øving i gjærbakst.  Dei har baka grove rundstykke, fletteloff og kanskje anna småbakst som naanbrød eller spiralloff.  Det siste produktet er ein klippekrans.  Og her kan ein ikkje klage på resultatet! Denne er laga av ein av gutane. Eg håper mange foreldre har fått klippekrans til kaffien!

Skulekjøkenoppskrifta finn de her.

3 kommentarer:

  1. For eit flott resultat.
    Det var nok ein stolt gut, men også lærar som kunne vise
    fram slik fin gjærbakst.
    Eg veit ikkje om eg hadde fått til ein liknande.

    God helg.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...