lørdag 28. mai 2011

På tur til Kvalsund gartneri

 Ei venninne av meg og eg har laga oss ein tradisjon.  I slutten av mai køyrer vi til Nerlandsøya og kjøper plantar frå drivhusa der.  Utvalet er stort og prisane greie.
 Eg kjøper alltid noko nytt.  Denne oppstamma planten veit eg ikkje namnet på.  Dei har godt utval i oppstamma plantar til 249 kroner og oppover.
Blogglesarane kjem nok til å få sjå meir av desse plantane utover sommaren, ikkje minst hengeplanten som må henge for å kome til sin rett.

Etter gartneribesøket tråla vi butikkane i byen Fosnavåg.  Litt handling vart det og ...

4 kommentarer:

  1. Mykje fine blomster. Vi har ikkje kjøpt noko enno, anna enn til kjøkenkassene.Måtte vente til det vart ferdig ved garasjen.Har i utgangspunktet tenkt å satse på rosa, raudt ig blått. Der står att eit par gule plantar, men dei blomstrar først.

    SvarSlett
  2. Eg tenkte først rosanyansar, men så såg eg den flotte, blå. Og så vert det litt gult for å friske opp.

    SvarSlett
  3. Ser ut som det blømer flott hjå deg :-)
    Og for ein kjekk tradisjon!

    God søndag!

    SvarSlett
  4. Takk for det!
    Det er skikkeleg inspirerande å gå og kike i drivhusa der plantane veks opp.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...