lørdag 21. mai 2011

Føremiddagsbesøk

 I dag venta vi besøk av ein "utflytta sunnmøring".  Vi nytta høvet til å tromme saman nokre vener på dagtid.
 Sisan eg ikkje kan legge ut bilde av gjengen, får blogglesarane berre sjå maten.
 Eg visste ikkje kor mange som kom, så eg satsa på rikeleg med ost, kjeks og to sortar heimebaka brød.  I tillegg hadde eg baka ei Kvæfjordkake. Og godt var det, for "kanskje-gjengen" dukka opp.
Focaccia og aprikos/valnøttbrød skar eg opp i små bitar.  Restopplaget sette eg til pynt før eg skar opp meir.
 Hovedgjesten hadde vore i Sverige og kjøpt gåve.  Den vekte latter.  Heldigvis forklarte sist "ankomne" gjest meg kor artig det verkeleg var.  Her må ein passe seg for å legge ut link, for å seie det sånn.

2 kommentarer:

  1. Hei Solveig:)

    Dette såg veldig godt ut.
    Alltid kjekt med gjestar:)Kan tenkje meg at det vart ei koseleg stund.

    Jaudå, oliventreet kan stå ute.Men, eg synest det er så vakkert å ha inne i stova;)

    Det er mykje pollenstøv på det, og mannen bør nok berre få vere innandørs;p

    God søndag ♥

    SvarSlett
  2. Eg såg på oliventre ein dag, men dei hadde ikkje så mange fine blomster som ditt. Eit vakkert eksemplar!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...