fredag 8. juni 2012

Kva er i flaska?

 I dag tok eg med meg klasse 10 A på ei strand for å grille og chille.  Det var lov å stikke innom ein butikk for å kjøpe seg drikke, så eg greip sjansen og kjøpte meg noko friskt vatn, trudde eg.
I staden for frisk sitronsmak, smakte vatnet søtt.  Ein får berre lære seg å lese opplysningane om næringsinnhaldet på baksida!  Merkinga er internasjonal, og slik den kanskje vert på all mat i nær framtid? For oss som er vane med å rekne med 100 g, er det litt merkeleg å gi opp næringsinnhald for 250 ml, særleg når flaska inneheld 500 ml.

Ein ekstra bonus på kjøpet, er at ein eller annan stad i Afrika får dei tre liter reint vatn! Kanskje eg får fylle mi eiga flaske med reint vatn nokre gonger - og gi kronene direkte til Røde Kors?

4 kommentarer:

  1. Einig med deg. Betre med vatn frå springen :)

    SvarSlett
  2. Ja, og pengane kan ein bruke på sitronar - nokre agurkskiver i tillegg gir og frisk smak.

    SvarSlett
  3. Eg likar kolsyre i vatnet, men då kjøper eg ekte Farris utan smakstilsetting. Det synest eg er godt.

    SvarSlett
  4. Vi kjøper Bris på coopkupp heile sommaren, med og utan smak.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...