fredag 16. januar 2015

Eg tel på knappane

No har eg strikka ferdig den nye jakka mi. Berre ein ting står att, og det er knappane. I oppskrifta står det at der skal vere raude perlemorsknappar. Det får eg ikkje tak i. Dagens bytur vart ein bomtur. Kva trur blogglesarane. Ville de harr raude, grå eller kvite knappar? 

Blogginga skjer frå nettbrettet vårt. Datamaskina må ha fått seg ein trøkk då lynet slo ned hos naboen. Men vi har nettbrett og NRK ...

God helg!

9 kommentarer:

  1. Nydelig jakke. Trur eg ville hatt raude knappar. Men elles går det fint både med gtå og kvite.

    SvarSlett
  2. Bra! Eg var innom Trådkråa har bestilt inn dei raude knappane som stod i oppskrifta. Greier godt å vente ei lita veke for best mogleg resultat!

    SvarSlett
  3. Aldeles nydeleg jakke.
    Du er ein meister med spøtene :)
    God laurdagskveld.

    SvarSlett
  4. Nydeleg jakke. Alle fargane går fint. Raudt blir tøft!

    SvarSlett
  5. Veldig fin!
    Må få "sjå" den når den er ferdig :-)

    God helg!

    SvarSlett
  6. Hei!
    Nydeleg jakke! Eg ville hatt kvite knappar. :)
    Mvh. V....

    SvarSlett
  7. Frøkna har lova å stille som modell når jakka er ferdig!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...