mandag 19. januar 2015

Fleire kofteoppskrifter

Eg har ikkje begynt å strikke frå bøkene mine enno. Likevel fall eg for freistinga og kjøpte dette strikkeheftet. I tillegg til mange fine oppskrifter finn ein litt strikkehistorie. Mellom ann kan ein lese at prinsesse Ragnhild var flink å strikke, og då ho strikka fanakofter som kom på framsida av Norsk Ukeblad si strikkebok, vart fanamønsteret svært populært.
På strikkesida på facebook vil det nok vise seg kva som vert våren si mest populære kofte. Til no har eg mest tru på Bøvertun frå Kofteboka. Time will tell.

Tida vil og vise kor tid vi får liv i datamaskina. I går tok eg fine bilde frå turen min, men eg må ha nett for å skrive den type blogginnlegg. Det same gjeld boka eg nettopp har lese.  Riks-TV har sendt meg melding om at ny boks er på veg. Vi får nok ordna opp etter lynnedslaga etter kvart. 

2 kommentarer:

  1. Eg har og tru på Bøvertun. Den er veldig fin.

    SvarSlett
  2. Åh! Mykje fint å lage for den som er flink med pinnane.

    Vonar dokke snart får system på nettet m.m.

    God natt!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...