lørdag 3. januar 2015

Ut med jula?

 Eg tippar mange har brukt dagen til å rydde ettter jul.  På facebook kan det sjå ut som det er om å gjere å vere først med det meste.  Julegåver er innkjøpt i november og jula kasta ut 1. januar.

Vi har bestemt oss for å vente til dei unge menn reiser att.  Mellomstemann reiser til Elverum i morgon, og yngstemann reiser til Oslo fredag.

All erfaring tilseier at det tek ei stund før ein får plukka vekk alt, så eg har begynt så smått.  For nokre år sidan kjøpte eg meg ein haug med julehanddukar.  Dei puttar eg no i ein plastsekk etter kvart som eg vaskar dei.
 Ho som var med meg på sal i går, meinte at no var det på tide å kjøpe rosa handdukar til badet.  Gåvesettet med "Enlish Rose" inspirerte oss.  Eg har aldri hatt handdukar i bambus, og veit ikkje kva fordelen skal vere anna enn at dei er svært mjuke og gode.   Desse er 70% bambus og 30% bomull.  Ved førstegangsvask synest eg ikkje dei brukte kortare tid i tørketrommelen, så miljøvennlege mistenker eg dei ikkje for å vere.
Fargen passar til diverse anna vi har på badet!
Til jul fekk eg mykje fint frå Body Shop.  Det har no kome ned på badet med dusj saman med dei "gamle" handdukane. Heilt frå eg var lita har eg kjent gleda av å bade eller dusje seg med nye lukter 1. juledag.  (Handkremen ligg strategisk til ein annan stad - om nokon saknar den på bildet.)

8 kommentarer:

  1. Godt nyttår til deg og dine! Her venter jeg til ungene er tilbake på skolen på mandag, da går jula i boksene inkludert juletreet! Herlig med nye ting på badet! Ha en fin kveld hos deg!

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for det! Håper det er greitt at eg legg deg i blogglista mi - så kan eg følgje med alt det fine du lagar!

      Slett
  2. Her forsvant jula i dag siden det ikke blei noe bursdagsfeiring av pappa i dag, han har influensa og har nesten ikke stemme. 22.30 blei den siste gardinlengda hengt opp og 12 røde lengder arkivert til neste år. Det blei veldig lyst og ryddig når alle nisser og juletreet blei borte.

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, jula er slutt når ein begynner på jobb att. men vi ventar som sagt til "gjestene" har fare. Før knuste vi gjerne peparkakehus og åt dei aller siste restane den 18. Til hans gebursdagar fekk ein gjerne alt snopet til halv pris ...

      Slett
  3. Dei nye handdukane ser lekre ut.
    Eg kjøpte handdukar til jul for pengar eg fekk i julegåve. Fekk ikkje
    noko info om bambusmateriale så mine er nok vanleg bommull.
    Kjekt å ha noko nytt på badet av og til.
    Kroppspleieprodukt er alltid nødvendig, ingen dag utan.....

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg er ikkje så sikker på om bambus er noko lurt! Eg får prøve dei ut før eg uttalar meg meir.
      Eg merkar godt at huda vert tørrare no om vinteren, så dette kjem vel med!

      Slett
  4. For nokre år sidan kom det bambusgarn i garnbutikkane. Eg fekk då opplyst at det var mangel på bomull som var grunnen til det. Har lese seinare at bambus kan ta til seg opp til 60% meir fuktighet enn bomull, utan å virke våt. Bambus skal og vere betre enn bomull med tanke på bakteriar. Eg har ikkje handkle i bambus, men har strikka nokre kjøkkenklutar som har vore veldig gode.

    SvarSlett
    Svar
    1. No googla eg det og. Eg får sjå korleis dei held seg! Dei skal og tørke lettare enn bomull. Eg er usikker på om det gjeld i tørketrommel... Med små klutar spelar det inga rolle. Men skifter ein ut alle handdukane, vert det ei anna sak.
      Det mest økonomiske er sikkert å bruke dei gamle tynnslitne ...

      Slett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...