lørdag 9. april 2011

Primula Botanic veris Victoriana

 Eg har gått forbi Floriss og beundra desse primulaene.  I går kjøpte eg tre av dei, og no har eg planta dei ved sida av løkane.  I år har eg ikkje hatt så lyst på påskeliljer, kanskje fordi det har vore overflod av dei siste åra?
 Dei visste ikkje mykje om plantane var fleirårige i blomsterbutikken.  Men eg tenkte det ville vere lett å finne informasjon når namnet står på potta.  Hittil har eg ikkje funne noko betre enn dette. Bildet liknar i alle fall.  Viss nokon finn ei betre side, gje meg gjerne eit hint!
Eg har sansen for produktinformasjon og bruksanvisning på potta!

4 kommentarer:

  1. Du må no snart ha deg ein tur inn på Plantasjen, men for oss er det litt tidlig å plante noko enno.
    Ei bjørnebærbuske som har stått under snøen i heile vinter har grøne blad frå i fjor!

    SvarSlett
  2. Er redd plantasjen tek knekken på andre gartnarar. M og eg skal på Nerlandsøya i år og.

    SvarSlett
  3. Kjekt med frø og planter på våren, ikke sant? Jeg har et spørsmål til deg som gjelder noe helt annet: Har du en god oppskrift på knekkebrød ? Jeg har ikke varmluftsovn, men "vanlig"

    SvarSlett
  4. Eg har ikkje baka desse populære knekkebrøda. Eg er mest glad i mjukt brød, men eg ser at både Anlen og andre bloggarar bakar dei. Elles såg eg at Wenche laga dei på frukost-TV. Ein kollega av meg kjøper rista graskarkjernar på Spar til å ha på toppen. Ho lever på dei.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...