torsdag 7. april 2011

Franskordbok


Sjølv om ingen i familien snakkar fransk, har vi ei franskordbok i hus.  I dag har eg tatt henne i bruk for første gong.  Grunnen var at eg dumpa bort i eit moteprogram der både Jan Thomas og eit par motebloggarar snakkar om aksessoarar, og uttalar det  assessoarer.  


Den engelske uttalen er æk'ses... Men sidan det er eit fransk ord, tenkte eg at eg ville sjekke den franske uttalen for å sjå om desse ekspertane har det frå fransk.  Men ordboka seier accessoire akseswar.


På nynorsk:


Ordbokartikkel


aksessoarar

aksessoa'rar subst fl, bf -ane el. accessoirar s d


accessoirar
aksessoarar

accessoirar (utt aksessoa>rar) el. aksessoarar subst fl, bf -ane (frå fr av mlat accessorius 'underordna, attåt') utstyr, tillegg til kjole el. drakt, t d hanskar, veske, smykke

2 kommentarer:

  1. Gammal vane er vond å vende, men dette er eit ord eg sjeldan brukar, så eg bør vel greie det.Det eg risikerer då er å bli retta på av butikkpersonale. Slikt har hendt før!

    SvarSlett
  2. Innfør norsk skrivemåte;-)!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...