Denne til no siste boka om Varg Veum. Eg har gledd meg til boka, men først no fekk eg tak i henne som lydbok.
Handlinga går føre seg i Gulen på ei oppdikta øy nær Byrknesøy. Dette er ein kjend geografi for oss, noko som gjer boka ekstra interessant å lese. Ein av dei oppdikta personane heiter Rørdal frå Byrknesøy, begge to kjende namn i slekta.
Kriminalhistoria er grei. Staalesen tek oss med inn i ein familietragedie og i inn miljørørsla. Vindkraft er tema. Varg Veum sitt privatliv i denne boka liker eg ikkje. Eg liker ikke at folk blir drepne ved uhell. Men det fungerer i historia. Varg Veum heldt på å bli blaut ...
Det eg liker best i Staalesen sine bøker er språket. Ingen kan skildre ein person eller eit miljø på same måte som han. Her er samanlikningar som ingen andre ville ha kome på.
Opplesaren, Lasse Linther, les og spelar heile persongalleriet på ein fabelaktig måte. Vanlegvis liker eg at opplesaren les bøkene til meg, ikkje tolkar dei. Men Lasse Linther løftar bøkene til Gunnar Staalesen.
Les ikkje Staalesen, sjå ikkje filmane - før du har lytta til lydbøkene!
Har akkurat fullført lydbokversjonen av Vi skal arve vinden. Likte som deg boka godt, men jeg synest nok ikke oppplesingen fungerte så godt. Jeg synest Lindtner overdrev så mye når det var direkte tale at personene framstå mere karikerte enn det som godt var.
SvarSlettEllers er Staalesen sine bøker gode å lytte til. Handlingen er grei å følge og det er ikke for mange personer involvert.
Eg forstår kva du meiner! Spesielt damene, vert kanskje gjort litt fjollete...
SvarSlettHei. lurte på om du kunne hjelpe meg med tema og bodskap i denne boka?
SvarSlett