mandag 23. januar 2012

Solveigs språkspalte

Dette får bli eit innlegg i serien "Kvar er korrekturlesaren?".

Eg er ikkje ute etter å henge ut ein journalist eller ei bestemt avis, men her må det vel ha kome ein raud strek under ordet!  Føreslåing er ikkje noko ord i mi ordliste.  Det er derimot forslag og framlegg.  Eg håper at det er fleire enn eg som reagerer på elendig rettskriving og språk!

9 kommentarer:

  1. Dette var ei skikkelig flause. Av og til skjer det den beste(t.d. meg) at eg ikkje kjem på kva ord eg eigentlig er på leit etter. Kan likevel ikkje lage mine eigne ord. Noko som eg også reagerer på er den nynorske tekstinga på filmar. DER er det mange feil der. Privat får folk skrive som best dei kan-det er OK, men folk som har skriving som yrke skal vi vente meir av.

    SvarSlett
  2. Eg trur det er ein ung journalist. Men han får dårleg oppfølging vil eg seie.

    Eg ser av og til stygge feil på teksting av film. Vi ser helst engelske filmar, og då kan det gå ein time før eg oppfattar om tekstinga er på bokmål eller nynorsk.

    SvarSlett
  3. Det vitnar om arroganse og likesæle når ein ikkje bruker retteprogram på datamaskinen. Alle (til og med eg) kan gjere feil, men denne var grov!

    SvarSlett
  4. Eg ser stadig feil på det eg har skrive før. I kommentaren min over manglar det eit komma til dømes. Eg ville sett pris på å bli korrigert om eg skreiv i avisa - eller på bloggen for den del.

    SvarSlett
  5. Her er to av dei mange døma du kan høyre på NRK: uavhengnad(!!), han viser emne til empati. Elles irriterer eg meg over vegleiing i staden for rettleing! Helsing nr 14

    SvarSlett
  6. Einig! Folk manglar språkkjensle, og skal dei få det, må dei møte god nynorsk i aviser - og på TV.

    SvarSlett
  7. Og så bør ein helst lese mykje, både nynorsk og bokmål.
    Avis-og TV-språk er ikkje nok.

    SvarSlett
  8. Forlaga les korrektur, så der møter ein stort sett godt språk. Avisene har litt å gå på. Spesielt lokalavisene. Møre Nytt er nok den beste?

    SvarSlett
  9. Det er ikkje alt som er på plass språkmessig, nei... Eg blir litt flau på vegne av skribentane når det blir skikkeleg dårleg;)

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...