I denne romanen møter vi først Mariangela Nielsen som er spesialrådgivar for EU-kommisjonen i Brussel. Ho skal møte ein mann som vert drepen i ei trafikkulykke. Leilegheita hennar er rasert når ho kjem heim att. Det vert til at ho reiser til Noreg for å få hjelp av offiseren og Afghanistan-veteranen Martin Mæle. Det viser seg at han er innlagt på psykiatrisk institusjon på Rauøy fort i Oslofjorden.
På denne øya utspelar det seg litt av eit drama. Politietterforskarane Mariangela Nielsen og Matin Mæhle kjem til øya og arbeider med å avsløre å medisinske eksperiment på soldatar som har vore i Afganistan.
Romanen er full av action. Miljøet og problema den skildrar, er relativt nye for meg. Eg synest denne romanen er annleis og spennande. Eg ser at den er nummer fire i rekka. Eg ser ikkje vekk i frå at eg kjem til å lese dei første etter kvart.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar