fredag 20. januar 2012

Melk eller mjølk?

Etter at julenissane forsvann frå mjølkekartongane, dukka det opp heilt ny og flott dekor på Tine sine mjølkekartongar.  Flott for meg vart det heilt til eg kunne lese om gårder fra Stryn og andre gardar på Vestlandet - på bokmål.

Etter nokre dagar vart det sak i avisene.  Tine skuldar på bergensarane, som bruker bokmål. Får dei ikkje berre finne seg i at mjølka kjem frå bygdene på Vestlandet der ein stort sett nyttar nynorsk?

For bokmålsfolk kan dette verke som ei fillesak, men eg meiner det er synd om bygdeborn lærer ord og uttrykk som erstattar dialekten deira.  Eg har lagt merke til at mange her seier låve i staden for løe.  Born seier også gård i staden for gard.  Slik vert det når ein lærer bygdekultur frå TV - og mjølkekartongane.

For ordens skuld: I mi dialekt heiter det mjelk, ikkje mjølk.  Men eg vil tippe at dei fleste unge seier melk.  I oppskrifter vil nok nokre rote saman mjøl og  mjølk. Det skal ikkje vere lett!

Heilt svart er det ikkje.  Skummamjølka er nynorsk.  Så i dag plukka eg med meg nokre lysrosa kartongar.

7 kommentarer:

  1. Her seier vel dei fleste melk. Eg har aldri sagt mjølk, akkurat som eg aldri har sagt Noreg. Vi seier låve også. Men gard seier vi. Gård får meg til å tenke på bygård.

    SvarSlett
  2. Nei, kven seier vel Noreg ... Det er det første ordet eg vil ha ut av nynorsken! Løde er i min Ørstadialekt, men vi har nokre fleire d-ar enn andre Sunnmørsdialektar.
    Eg er einig med gard og bygård. Noko anna pussig er at eg seier sykehuset på Eid og sjukehuset i Volda!

    SvarSlett
  3. Noreg nektar eg å skrive, og gjer det aldri, heller.
    I MIN dialekt heiter det melk. Mange stader der dei skriv bokmål, seier dei mjølk eller mjelk. At folk lærer andre ord og uttrykk frå TV og andre media, er heilt naturlig, det er ikkje lett å halde på sin eigen opprinnelige dialekt lenger. Og folk flyttar på seg. Med skriftspråket er det annleis, der har vi fastlagde normer, og mjølk som blir distrubuert over nynorskdistrikata her vest, bør ha nynorsk tekst.
    At du seier sykehuset på Eid kjem av at på Eid heitte det aldri noko anna enn "sykuset".Og heiter det vel enno. Men eg får ingen andre med meg på trua om eit SAMNORSK !

    SvarSlett
  4. Det vert ikkje med nynorskreformen som er rett rundt hjørnet ...

    SvarSlett
  5. Mjølk synest eg passar for folk med tjukk L.

    SvarSlett
  6. Eg seier også mjelk - heit naaturleg sidan eg er(var) indresunnmøring.
    Han hin drikk skummamjølk - det er vel ofte han som handlar den fordi han veit når det trengst.
    I forgårs handla eg både og..
    Eg reagerte på (hel)melk fra gårdene på Vestlandet - sikkert difor la eg merke til skummamjølk frå gardane på Vestlandet - smilte av den høgvyrdige kloke tanken: - naturlegvis det er bokmålsfolket som skummar fløyta av mjølka!

    SvarSlett
  7. Ja, så får vi sitte der med skummamjølka. Kven fortener då smør forresten? SMØR har vi fått lære på mange språk!
    Burro var eit av dei orda som sat att frå turen til Roma.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...