lørdag 28. januar 2012

Feiring i etterkant

 Førre helg var 18-åringen i Sogndal og spelte fotball, så vi utsette feiringa til i dag.  Seks av søskenbarna var samla.  Jentene stiller som vanleg opp til fotografering.
 I det heile vart det ei feiring etter gamal oppskrift.  Eg tok nytt bilde av bordet.  Mor mi kom med to nydelege krysantemar.  Så fekk eg kasta julestjernene.
På menyen stod det kjøtsuppe.  Eg hadde kokt kraft på to lammelår som eg hadde salta lett før eg fraus dei.  I krafta kokte eg og to biffstykke på 600-700 g i tillegg til løk, sellerirot, heil pepar og salt.  I dag laga eg kjøtbollar av 3 pakkar kjøtdeig. Med poteter, gulrøter, rabbe, purreløk og brokkoli, vart dette ei nydeleg suppe - om eg skal seie det sjølv.
Etter ei såpass lett suppe, smakar det godt med dessertar.  Karamellpudding  er obligatorisk. Elles så fann eg ut at eg kunne lage runde marengsbotnar og ha i det nye skålfatet.  Marengsen laga eg av 3 eggekvitar og 2 1/2 dl sukker.  Det piska eg i Kenwooden til massen var stiv.  Eg steikte den på 160 grader.  Det skulle vere ein time.  Mine vart litt godt steikte denne gongen, så sukkeret smakte litt karamell.
Fasongen ordnar ein i fatet.  Elles la eg lagvis marengs, frosne bær, vaniljekrem og krem.
Mor mi hadde med kaker til kaffien.  Eg ordna berre med eit ostefat og varma litt gjærbakst.

1 kommentar:

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...