tirsdag 1. januar 2013

Godt nytt bloggår!

 Kvart år ved årsskiftet har eg tatt opp blogginga mi til vurdering.  Dette skreiv eg i fjor.  Der kan ein og klikke seg tilbake i tid.

Matblogg?
Dei fleste som klikkar seg inn på bloggen, kjem inn vi ei oppskrift.  Merkeleg nok er eit bilde av to krydderposar og eit krydderglas det oftast besøkte innlegger.  Slikt kan ein ikkje føresjå.
Eg kjem nok til å legge ut oppskrifter og idéar også i 2013.  Nokre oppskrifter er meint for ungdomar, andre for meir erfarne. Elles har eg planar om å kome med nokre kosthaldstips i året som kjem.

Handarbeidsblogg?
Eg håper å ha friske nok skuldrer til at eg kan strikke litt kvar dag i 2012.  Akkurat no driv eg og strikkar på ein strikkepakke som systra mi vann.
Hageblogg?
Eg kosar meg veldig ute i hagen sommarhalvåret, gjerne med ei lydbok på øyret.  Blogglesarane får gjerne sjå glimt frå hagen.
Bokblogg?
Eg har alltid vore glad i å lese.  Etter at eg fekk sansen for lydbøker, har mengda bøker eg har lese auka.  Eg ser at eg las 59 bøker både i 2010 og 2012.  Det vert til at eg les mykje krim, til tider så mykje at eg tenker eg må skjerpe meg å lese annakvar krimroman og vanleg skjønnlitteratur. Det eg skriv om bøkene, er mi meining.  Andre får gjere seg opp si!  Eg har planar om å ei kåring av årets bok/lesaroppleving også i år.

Interiørblogg?
Nei!  Det einaste blogglesarane får sjå, er dekka bord.  Ikkje alle gjester vil  på bloggen, og det får ein respektere.  Litt oppussing kan det bli i 2013. Om det kjem på bloggen, får tida vise.

Kvardagsblogg, men ikkje dagbok
Eg kjem til å skrive om kvardagslege tema også i framtida.  Då eg starta å blogge, skreiv eg meir om det vi styrte med i fritida. Det har eg slutta med. Eg held kollegaer og vener utanfor bloggen.

Solveig sine sider
Eg angra i grunnen med ein gong eg kalla bloggen Solveig si side.  Solveig sine sider hadde kanskje vore meir dekkande.  Eg prøver å vise ulike sider ved meg sjølv og det eg er oppteken av.

Også i 2013 skal eg prøve å skrive eit blogginnlegg kvar dag.  Når ein lever av mellom anna å lære andre å skrive godt og rett, så er det lærerikt å skrive sjølv.  Nokre skriv lange og gjennomtenkte blogginnlegg av og til.  Eg har ikkje sett slike kvalitetskrav til meg sjølv.  Eg satsar kanskje meir på kvantitet.

Rettskriving
Eg prøver å skrive så rett som eg greier.  Dessverre er det slik at når eg klikkar meg inn på gamle innlegg, så ser eg at der har snike seg inn feil.  Ei utfordring for tida er å sette seg inn i 2012-normalen.  Eg oppdagar stadig nye endringar.  Ein kan til dømes ikkje skrive neter meir på nynorsk.  Det heiter nøtter.

Tilbakemeldingar
Det er kjekt med tilbakemeldingar, gjerne også i form av spørsmål.

Då ønskjer eg alle blogglesarane eit godt nytt bloggår!

11 kommentarer:

  1. Interessant å sjå korleis du tenkjer om blogginga di - eg bloggar meir etter innfallsmetoden, er eg redd. Kjekt å sjå korleis strikkeprosjektet veks!

    SvarSlett
  2. Det er veldig kjekt å strikke! Hua er ferdig. Innfallsmetoden er vel det som i praksis skjer ...

    SvarSlett
  3. Godt Nytt År Solveig!

    I dag har eg gått ein liten tur i fjøresteinane i herleg opphaldsver og fanga inn gode skinnande minne frå årets fyrste dag.

    Her heng stjerna på Juletreet på "halv åtte".. så det ryk nok ut ganske så snart.. Men resten av Julepynten skal få vere ei lita stund til..

    Takk for flotte innlegg i 2012!
    Blir kjekt vere med deg vidare :-)
    Syns det er kjekt å fylgje med ein blogg som har bredde.
    Andre eg fyl er meir smalspora. Alle må blogge etter sitt eige ♥.. Og eg fortsette nok med mine Refleksjonar på livsvegen..(ser nok at bloggtittel kunne vore i fleirtal på min blogg også)

    Klem på årets fyrste dag med takk for inspirasjon og svar når ein stille spørsmål!

    SvarSlett
  4. Det er veldig kjekt at du legg at spor etter deg når du er innom bloggen. Eg les alle på lista mi og prøver å kommentere innimellom.

    Eg har så smått begynt å rydde etter jula. Eg begynner på jobb att, og studenten reiser i morgon.

    SvarSlett
  5. Interessant å lese dine tanker om blogginga di. Jeg har veldig lite mening med bloggen min, annet enn at jeg liker å skrive og fotografere, og liker å holde på med data mer enn de fleste på min alder, tror jeg. Språk og rettskriving er viktig for meg også. Jeg liker nynorsk veldig godt. Faren min ga ut flere diktsamlinger på nynorsk, og da jeg gikk på lærerskolen vurderte jeg sterkt å velge nynorsk som mitt hovedmål og skriftspråk - ikke så vanlig her lengst mot øst i Sør-Norge. Men det ble ikke noe av, og i dag skulle jeg nok ikke klare å skrive en eneste setning riktig på det vakre målet.
    Jeg liker å følge med på bloggen din, og kommer til å fortsette med det i 2013.
    Godt nytt år!

    SvarSlett
  6. Takk for det!
    Eg trur at dei som begynner å blogge opplever at dei har meir å skrive om enn dei ante før dei starta.
    Det er nok mange fleire som går over frå nynorsk til bokmål enn omvendt. Eg synest ein bør skrive det som ligg nærast dialekta. Elles synest eg det er viktig at nynorsk kjem ut i media slik at det ikkje vert framandt for nokon. Medan born her "snakkar bokmål" når dei leikar,forstår ikkje austlendingar vår dialekt/nynorsk.

    SvarSlett
  7. Det er det som er så flott med blogging. En kan skrive om det en vil Syns det er flott at du skriver om litt forskjellig. Finner stadig gode mattips her hos deg.
    Ha et riktig godt nytt bloggår :)

    SvarSlett
  8. Eg kikkar ofte innom bloggen din, mest fordi eg finn så mange gode og enkle oppskrifter, og med gode kommentarar. Det siste eg laga var Fine rundstykke, og dei blei heilt supre. Og så eg som aldri syns eg lukkast med rundstykke :-) Eg skal prøve dei grove også!
    Inger Jåstad

    SvarSlett
  9. Godt nytt år til deg og dine også. Nå er vi på riktig side og kan skue mot lysere tider. Ang. rettskriving så er det ikke alltid like enkelt, ei heller tegnsetting, men jeg gjør så godt jeg kan. Dårlig språk og mye skrivefeil er ikke greit.

    SvarSlett
  10. Det er alltid kjekt å lese bloggen din same kva du skriv om.
    Og mange av oppskriftene dine har eg prøvt eller dei ligg lagra til bruk. Takk for det !

    SvarSlett
  11. Det er kjekt at de liker oppskriftene!

    Elles vil eg berre presisere at eg ikkje les bloggar med raud penn! Eg prøver å skrive rett sjølv. Når eg kommenterer språk, er det profesjonelle skrivarar, som ein burde kunne vente betre av, eg kritiserer. Aviser bør koste på seg korrektur, slik at folk møter korrekt språk, meiner eg.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...