torsdag 3. januar 2013

Kokeblome

Eg har fått spørsmål om kokeblomen, eller silikonloket om de vil, verkar.  Eg er godt nøgd med det.  På bildet ser de at eg kokar bønner.  Elles har eg brukt den til poteter og grønsaker.  Ein dag eg hadde mange panner i sving, flytta eg den over på nye panner etter kvart som det kokte opp i dei. Komfyrtoppen heldt seg rein.

No ser eg at den trygt kan vaskast i oppvaskmaskin.  I mikrobølgeomn kan ein snu loket opp ned og ha "blomen" på den andre sida.

Det andre produktet som følgde med på kjøpet, er eg meir i tvil om nytteverdien av.  Men det er kanskje noko for jenter i rette alderen?

3 kommentarer:

  1. Dette loket må du forklare nærare!

    SvarSlett
  2. Det er i silikon og passar for panner frå 14-24 cm, seier reklamen. I staden for å koke over, kjem væska opp i "blomen". Eg fekk det av studenten til jul.

    SvarSlett
  3. Artig. Dette var nytt for meg, men ser praktisk ut.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...