Kor tid ein vil rydde ut jula, kjem vel an på kor tidleg ein starta? I år har eg hatt raude handdukar på bada og kjøkenet. Dei har eg begynt å legge til side. Dei skal leggast i ein plastsekk og plasserast på loftet til advent neste år.
I dag begynte eg på jobb. Studenten reiste med Timeekspressen tilbake til hovudstaden. Då er jula slutt for meg. Eg gler meg til å få vekk julegardiner og pynt. Det skjer heller gradvis her i huset.
No kan eg starte å ha ambisjonar om kvite handdukar og sengekle. Då gutane var små, synest eg det var praktisk med farga handdukar. Dei kunne eg vaske saman med klea deira, og dei kunne greie seg med mindre kle, tekte eg då. No synest eg det er praktisk å vaske kvite handdukar saman med kvite T-skjorter og andre kle eg vil skal halde seg kvite. Handdukane får seg ei runde på kokvask innimellom. Det skal vere bra for vaskemaskina, har eg høyrt.
For at det ikkje skal hope seg opp med gamle, utvaska og kanskje holete handdukar og sengekle, sender eg alltid nokre med studenten. Så kan han bruke dei så lenge han vil, og seinare kaste dei med godt samvit. Vi har arva mange handdukar, så her er nok å ta av. Før tok eg dei gjerne med på camping og kasta dei i bosset på ein campingplass. Då slapp eg å ta med skitne og våte handdukar heim att.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar