torsdag 31. januar 2013

Språkåret 2013

I går var eg på to arragement i høve språkåret 2013.  Første arrangementet var i skuleregi. Trykk på linken så ser de plakatane i ulike språk.  Der er nok endå fleire språk på skulen vår.  Niandeklassingane hadde laga undersøking om nynorsk og bokmål som dei også presenterte om kvelden.
Arrangementet om kvelden var eit samarbeid mellom Mållaget og biblioteket. Forfattaren las novella si, eit bestillingsverk. Ho vert å finne i Syn og Segn.
Eit lite artig innslag frå niandesteget.  Publikummet om kvelden, der ein vel må seie at gjennomsnittsalderen var relativt høg, mora seg over fjortisspråket.

Leiaren i mållaget var til stades på begge arrangementa.  Han reflekterte rundt det med språk.  Elevar på våre kantar lærer nynorsk, bokmål får dei inn omtrent utan undervisning, og så meistrar dei å skrive dialekt.  Vi tenker kanskje ikkje over at der er ei felles semje om rettskrivinga på facebook, eller fjesboka som han konsekvent sa.  Elles så argumenterte han for å lære mange språk.  Det hjelper oss til å tenke betre - også om matematiske oppgåver.

Ein får konkludere med at kvelden var både underhaldande og lærerik!

Blomsterbuketten var det sjølvsagt forfattaren som fekk.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...