søndag 13. januar 2013

Vaniljesaus

Dette er ei enkel oppskrift på vaniljesaus.  Ho er henta frå kokeboka for mat og helse i ungdomsskulen.  Der står at ein kan sløyfe egget, bruke eit heilt egg eller to eggeplommer. Det siste gir best resultat. For å få vellykka resultat er det også viktig med ekte vaniljesukker eller vaniljestang.

Det er ikkje vanskeleg å lage vaniljesaus frå botnen av.  Ein skal berre blande ingrediensane og varme opp sausen til rett under kokepunktet.  Ein må røre heile tida og passe på å ta sausen frå plata og helle han rett i muggen før han kokar og skil seg.

Om blogglesarane vil velje anna sukker, er det berre å prøve seg fram.
2 eggeplommer
2 1/2 dl mjølk
2 ts sukker
2 ts maisenna
1 ts  ekte vaniljesukker

Visp alle ingrediensane i ein kjele (ikkje aluminiumspanne og metallreiskap).  Varm opp til kokepunktet.
Avkjøl sausen.

Tips: Pisk 1 dl kremfløyte og bland inn i kald saus.

Eg laga dobbel porsjon vaniljesaus i dag som eg serverte til gele laga av 2 pk gele med 500 g frosne jordbær i.  

3 kommentarer:

  1. Tror ikke jeg har laget slik vaniljesaus
    siden jeg gikk på husstell. Syns Piano
    sin er veldig god på smak. Men har ikke
    sjekket hva den inneholder. Med så lang
    holdbarhet er det sikkert ikke noe som er
    sunt for kroppen. Så jeg tror jeg må prøve
    meg på p lage vaniljesaus neste gang vi skal
    ha det.
    Ønsker deg ei riktig god uke :)

    SvarSlett
  2. Godt du minne oss om det å lage frå grunnen av.
    Er lettast å ty til Tine ja...

    Fin veke til deg :-)

    SvarSlett
  3. Eg og synest Piano vaniljesaus er god, men det er greitt å kunne lage frå grunnen av i tilfelle ein ikkje har i hus!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...