lørdag 26. januar 2013

Kom til Hareid!

 Førre veke inviterte eg slekta mi på Sunnmøre til Hareid.  "Viss det er skeiseis, må de stoppe på isen!"sa eg.    Sjølv om mildveret har kome, var der fine forhold på Grimstadvatnet.
Mange store og små leikar seg.
 Eg dekte til elleve i dag.  Menyen var enkel: Brudevollmôr, kålstuing, grønsaker og poteter.
 Til dessert var set Smashis, marengskake og bær i krydderlake. Som de ser, vart halve marengbotnen frå i går rund.  Eg berre bryt den i den fasongen eg ønsker.  Det går heilt fint.  I dag hadde eg eitt lag med bringebær, eitt med vaniljekrem og eitt med krem.  Pyntinga går raskt unna.  Niandeklassingane gjer seg meir flid, for å seie det sånn.
 Desse to måtte få i siste skruen i sovesofaen.  Og så måtte sjølvsagt liggekomforten prøvast.  Det er enkelt å brette ut senga.
Det står berre att å takke for i dag.  Gjestene kom med blomster som nok vil dukke opp på bloggen i dagane som kjem.

2 kommentarer:

  1. Kor kjekt dokke har hatt det :)
    Første gong eg har høyrt kålstuing til Brudevollmôren. Hos oss er det oftast surkål, men også ertestuing av og til. Sjølsagt poteter og gjerne gulrot. Eg skal jammen prøve din variant :)
    Fin kveld ilag med slekt !

    SvarSlett
  2. Sidan vi ikkje hadde ribbefeitt, tenkte eg at eg ville ha noko med litt saus. Det er år og dag sidan eg har laga kålstuing, må eg innrømme. Men det fall godt i smak - mildt til moren. Av grønsaker kokte eg gulrot, rabbe, blomkål og brokkoli, så her vart det fem om dagen ...

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...