mandag 14. januar 2013

Bok 3: Ildvitnet

Medan eg heldt på med Paganinikontrakten, bestilte eg den siste i serien, nemleg Ildvitnet. Eg har venta litt med å lese romanen, men då eg først kom i gang, fekk egblod på tann.

Etter mi meining er denne mykje betre.  Den tek utgangspunkt i barn som vert tekne hand om av barnevernet.  Motivet går att i notid og fortid.  Kven skal verne desse borna frå folk som ikkje vil dei vel?

Forfattarane slår fast at synske menneske, såkalla medium, aldri har løyst ei drapsak, men at dei vert kontakta av politiet.  I Ildvitnet introduserer dei likevel Flora, ei såkalla synsk dame, som tek kontakt med politiet.  Ho meiner ho har sett drapet.  Spørsmålet vert kva ho verkeleg har sett.

Vi får og vite meir om politietterforskar Joonna Linna si fortid, som no innhentar han. Vi går tolv år tilbake i tid då han løyste si første seriemordsak. Slutten er ein skikkeleg cliffhanger!  Vi vil vite meir!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...