lørdag 12. januar 2013

Årets lesaroppleving 2012

Eg har brukt å kåre den beste boka eg har lese kvart år.  Tittelen "Årets bok" vert noko misvisande, for eg les oftast bøker som er gitt ut tidlegare enn året det er snakk om.  Slik vert det når ein låner det meste ein les på biblioteket.
I fjor fekk eg augene opp for Håkan Nesser sine bøker. Det var litt tilfeldig at eg kom over Barbarottikvartetten.  Dei var å få kjøpt som MP3-spelar-bøker på "Norges billigste bokhandel".  Av dei fire bøkene var Beretningen om herr Roos den beste.  Eg trur at folk som seier dei ikkje liker krim, ville like desse romanane likevel.  Menneskeskildringar og refleksjonar kring menneske og samfunn er viktig i desse romanane.
Elles kasta eg meg over Amalie Skram sitt forfattarskap i fjor.  Eg har kome fram til at eg er ein av dei som meiner ho er undervurdert.  Om eg skal anbefale ei av bøkene, må det vere Lucie.

For unge lesarar vil eg anbefale "I havet er det krokodiller" av Fabio Geda.  Det er ei sann historie.

Til slutt vil eg utfordre andre bloggarar til å kome med sine anbefalingar!

2 kommentarer:

  1. Eg har lese alle dei tre bøkene, men Herr Roos har eg lese før også. Eg er glad for at du endelig har fått opp augene for Håkan Nesser, slik eg har masa om han i alle år. Kanskje treng ein å bli skikkelig vaksen før ein får sansen for filosoferingane hana. Amalie Skram har aldri fått den fokusen ho burde ha hatt framfor mannlige forfattarar i same perioden. Bøkene om Hellemyrsfolket er fantastiske å høyre som lydbøker. "I havet..." var ei både morsom og tankevekkande bok.Synest du har gjort eit bra val. Eg greier ikkje å finne ut kva bok som var min favoritt i 2012.(Har ikkje prøvd så hardt heller).

    SvarSlett
  2. "hana" skal sjølvsagt vere hans-er ikkje frå Ålesund, heller.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...