torsdag 17. januar 2013

Krema kikertsuppe

I går bestemte eg meg for å prøve ei oppskrift med kiukerter i Smalhans, nemleg krema kikertsuppe.  Eg ser at sist eg laga henne, var ein gong eg hadde rikeleg skvåsj.  I går laga eg dobbel porsjon og vel så det. "Kor mykje kan vi ta?" "Ta det de vil ha berre der er ein taller att til meg!" Resultatet vcart at der var litt tjukk suppe att på botnen ... Eg kan ikkje gi dykk Gunds si oppskrift, men eg veit at mange av blogglesarane ha sikra seg eit eksemplar av Smalhans. Under kjem nokre andre suppetips.

Flesket som eg steikte attåt, har eg laga av rimeleg svineribbe.  Første gongen brukte eg oppskrifta i Go'bitar frå besta si kokebok.  Seinare har eg berre hatt salt på ribba og skylt det av etter fire dagar.  Fotballspelaren fekk seg eit par skiver med speilegg attåt suppa.  Då vart det ein høveleg kveldsmat for han.
Det er berre fantasien som set grenser for kva for grønsaker ein kan ha i ei suppe.  Forslaga under er henta frå kokeboka i mat og helse.  Alle skal mosast med stavmiksar, blender eller i foodprosessor

Grønsaksupper (2 personar).
1 liten løk
1-2 fedd kvitløk
1 ms olje

300 g grønsaker
5-6 dl vatn
1 buljongterning
1/2 dl mjølk/fløyte/(kokosmjølk i gurotsuppa om du vil)
1/2 krm pepar
salt?
friske urter

Grønsaker
1) 300 g blomkål og/eller brokkoli
2) 300 g selleri
3) 300 g gulrøter + 1 cm ingefær
4) 300 g skvåsj

1. Surr løk og kvitløk i olje.
2. Ha i grønsaker og buljong.
3. Kok grønsakene møyre, minst 10 minutt.
4. Mos suppa.
5. Smak til suppa og ha i mjøl og ev. meir væske.

Då er det berre å starte eksperimenteringa!  Litt kikerter vil vel passe i dei fleste? Eg har i alle fall tekt å ha litt i tomatsuppa mi.  Den toler å bli litt tjukkare.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...