fredag 25. januar 2013

Fredag med førebuingar

 I morgon ventar eg besøk av slekta, nærare bestemt systera mi med familie og foreldra mine. Vi bruker å feire yngstemann på denne tida, men han er på Kanariøyane.  Primula er liksom hans blomst.
 Eg kjøpte ei korg med tre primula på Floriss i går.  Det er ikkje alltid dei står så lenge. Bukett på rot kallar eg slike potteplantar.
Eg har sjølvsagt førebudd litt mat og.  Oppskrifter finn eg på eigen blogg.  Marengsbotn.
I skrivande stund står mjølk og vanilje og småkokar på omnen.  Det skal bli vaniljekrem. I dag prøver eg med halv sukkermengd.  Eg tippar det vert søtt nok på ein marengsbotn.

No gler vi oss til i morgon!

God helg til alle som stikk innom bloggen!

2 kommentarer:

  1. Så koselig da å forberede god mat til et besøk av familien. Her blir det og litt familie i helga.
    Har hatt begge sønnen med ut å spise i dag, og i morgen skal vi besøke svigermor på sykehjemmet å spise middag sammen med henne der. Koselig at vi kan gjøre det av og til. Ønsker deg ei herlig helg :)

    SvarSlett
  2. Takk for det! Det er kjekt å lage til, og borna er blitt så store at eg er glad dei vil vere med!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...