søndag 6. januar 2013

Bok 1: Skyggedød

I denne romanen tek Anne Holt opp temaet vald mot barn.  Det synest eg ho gjer på ein god måte.  Ho viser kor dårleg systemet fangar opp slike saker.  Rektor kjenner familien og ser ikkje problemet.  Ei som har levert bekymringsmelding, vert skulda for å kome med grunnlause skuldingar. Elles viser ho korleis det verkar inn på ein familie å få eit barn med ADHD-diagnose.

For meg var det ein "befrielse" å lese ein roman med eit lite persongalleri.  Rettspsykologen Inger Johanne og hennar familie har eg lese om før.  Privatlivet hennar er interessant.  Avslutninga der likte eg ikkje.

Sjølve mordgåta var ikkje spennande. Eg forstod ganske raskt kven som hadde skuld i Sander sin død.  Men oppnøstinga var for så vidt interessant.  Dei andre kriminelle handlingane, greidde ikkje å engasjere meg.

2 kommentarer:

  1. Jeg er ingen fan av Anne Holt, ei heller krim. Derimot liker jeg å se krim på tv. Akkurat nå er det Broen på DVD som Mannen fikk til jul. Den kan anbefales....

    SvarSlett
  2. Broen likte eg svært godt! Håper og trur på fleire episodar!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...