tirsdag 22. januar 2013

Tilbake!

Heldigvis var vi påkopla nettet då eg kom heim frå jobb!  Det har vorte ein vane å vere tilgjengeleg på mail og facebook.  Klassene har gjerne eigne facebooksider der dei stiller spørsmål.

Gutane i tiande har begynt å strikke huer som dei skal tove.  Huemoten no er litt store, eller "baggy" som dei seier.  Eg tok dei fargane det var mest att av på lageret, og strikka ein modell med utgangspunkt i mønsteret deira.  Det vart til at eg la til nokre omgangar.  No ligg hua i vaskemaskina på 40 grader.  Det er alltid like spennande å sjå korleis det går!  Vert det vellykka, så får eg legge ut ei oppskrift!

Bildet tok eg av meg sjølv med mobilen på sjølvportrettfunksjonen.  Andre himlar med augene ...

4 kommentarer:

  1. Uten nett er vi litt bortkomne....og uendelig sårbare som samfunn om strøm og nett forsvinner.

    SvarSlett
  2. Gledar meg til oppskrifta. Kan bli behov for ekstra huelager framover...Tenkte å prøve meg på Moon i mårå, den som Hilde har strikka.

    SvarSlett
  3. Hihi, ser ikkje kor du himlar...
    Det skal bli kjekt å sjå oppskrifta på hua. Eg har sett ei på ein blogg som eg ikkje finn att, kanskje det er den same...

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...