mandag 9. januar 2012

Bok 2: Menneskefluene

Etter at han som lånte meg Satelittmenneskene, forstod at også eg likte den, fekk eg låne første boka om Kolbjørn Kristiansen, K2, og Patricia.

Det hadde sikkert vore lurt ha lese denne boka før den andre.  Her får ein forklaringa på korleis samarbeidet med dei to oppstår.

Dei to romanane til Lahlum er skrivne etter same oppskrift.  Eit mord skjer i eit lukka rom, i dette tilfellet ein bygning med vakt.  Mordaren må vere ein av dei som var i bygningen.  Det skjer eit mord til.  Og grunnen til drapa har samanheng med noko som skjedde under krigen.  Notid i boka er i 1968.

Drapa vert forståelege for lesaren.  Her drep folk for å skjule sine eigne brotsverk, ikkje fordi dei i utgangspunktet er vonde menneske.

Eit stort pluss til Lahlum for språket.  Det er gjennomført elegant.  Ingen ryggar bakover ...

4 kommentarer:

  1. Eg har lese boka. Men det einaste eg hugsar att er språket. Han går ikkje i den fella at han brukar 2011-språk på hendingar frå 1960-talet. Det er faktisk ein stor skilnad på språket då og no.Eg hadde nok hugsa meir om eg hadde prøvd å lese den om att.

    SvarSlett
  2. No har eg lese bok 2 og 3, og bok 1 ligg og ventar på biblioteket. Nr. 3 var super, etter mi meining. Får nesten lyst å lese biografiane han har skrive og, klok fyr dette.

    SvarSlett
  3. Denne står i hylla mi og ventar på å bli lesen..

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...