onsdag 1. februar 2012

Akkurat det eg ønska meg!

I fjor var vi i London i vinterferien.  Ein av suvenirane eg kjøpte til meg sjølv, var eit "kongeleg" krus med dei to som då var forlova.  På bryllaupsdagen tok eg med meg kruset på jobb.  Eg har fått hatt det i fred - til no.  Kruset har falma gradvis.  Men då det vart investert i ny oppvaskmaskin, gjekk den siste dekoren fort vekk.  For tida er kruset kvitt.  Eg har fleipa med at kruset falmar i takt med kjærleiken, og at om det vert knust, er det eit dårleg teikn.

Då eldstemann skulle til London, var eg snar å orde frampå: Eg ønskjer meg eit nytt krus.

Ingen torer nok å låne dette med det første!

2 kommentarer:

  1. Slike krus er til pynt! Ikkje til å drikke kaffi av. Hugsar den gongen vi fekk konge, kronprins og kronprinsesse på fat her i landet. Dei hang på veggane til folk, og blei sjeldan brukt til mat.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...