mandag 6. februar 2012

Forbruksvare?

Omtrent annakvart år kjøper eg meg ei ny steikepanne med fantastiske eigenskapar.  I dag kjøpte eg meg ei ny som skal tole det meste.  Det er berre det at eg har høyrt det før.




Då eg fortalde ei venninne at eg hadde kjøpt meg ei Woll-steikepanne, sa ho at ho hadde slite ut si.  "Går det an - med fem års garanti?" var min reaksjon.  Ja, det er lett gjort, har eg no erfart.  Mi kan ikkje brukast til eggerøre lenger.

Kvifor eg ikkje nyttar meg av garantien?  Det har eg rett og slett ikkje samvit til.  Den har nok vore i hard bruk, om nokon då skulle forhøyre meg.  Andre kokkar har og vore i sving.

No satsar eg på at produsentane forskar fram stadig nye og betre produkt, slik at eg kan ha glede av denne panna nokre år.

Jernsteikepanna mi har halde i 25 år, men no er hanken blitt laus, og festet er så slite at det ikkje kan reparerast.  Eg skal nok snart unne meg ei ny, for til pannekaker er det berre den som nyttar, meiner no eg.

Prisen på Matadorsteikepanna?  369 kroner på Coopkupp.

6 kommentarer:

  1. Eg kjøper ofte nye steikepanner, men har gått over til å kjøpe dei billige, dei varer like lenge som dei dyre. Den eg har no kjøpte eg før jul, på tilbod på Coop i Furene. Den er god. Så lenge det varer. Må visst kaste nokre snart, lageret er stort.

    SvarSlett
  2. Spar ei i tilfelle det vert innbyttetilbod ;-) Kva dei no skal med gamle steikepanner ...

    SvarSlett
  3. Eg reknar med at desse vert å finne rundt om i mange heimar. Vanleg pris skal vere 599.

    SvarSlett
  4. Innbyttekampanje på Jernia

    http://www.e-magin.se/v5/viewer/files/viewer_s.aspx?gKey=pgcj0gp2&gInitPage=1

    Heilt enig i at dei ikkje varer så lenge som ein skulle tru etter prisen å dømme..

    God natt!!

    SvarSlett
  5. Det var ei slik Jerniakampanje eg tenkte ville kome.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...