lørdag 11. februar 2012

Lærerik dag i hovudstaden

I går tok eg første fly til hovudstaden og siste fly heim att.  Ærendet var årsmøte me fagdag i Landslaget for mat og helse i skolen. Eg er leiar i lokallaget Nord Vest.

Vi hadde møtet hos Mills på Grünerløkka der vi fekk ei innføring i margarinen si historie. Opphavet til margarinen var at folk mangla feitt, og den franske kongen utlyste ein konkurranse der ein skulle lage feitt som eit alternativ til smør.  I Norge starta det opp mange margarinfabrikkar, men no står vi att med berre ein eigd av Agrakonsernet.

Dei hadde vaskedag på den fire etasjars høge fabrikken midt i Oslo, men vi fekk sjå noko av produksjonsutstyret deira.  Om ikkje lenge flyttar dei produksjonen frå Oslo til Fredrikstad.


Liv Gregersen Kongsten, tilsett i Mills i fleire tiår, fortalde om opplysningsarbeidet sitt.  Vi fekk sjå brosjyrar frå fleire tiår.  Då ho starta, var rasjoneringskort framleis i bruk her i landet.  Denne dama kunne eg ha høyrt på i fleire dagar!  Ho sit inne med utruleg mykje mathistorie.  Eg håper nokon skriv denne historia, og at alle brosjyrar blir tilgjengelege digitalt!  Dei hadde laga eit lite museum i fabrikken.

Det kan hende det dryp litt meir på blogglesarane seinare i form av nettadresser og tips.

3 kommentarer:

  1. Som eit lite apropos kan eg nemne at vi hadde margarinfabrikk på Eid. Der laga dei FIRDA margarin. Kan hugse at fabrikken brann, men ikkje om det vart produsert margarin etter det. Kan heller ikkje hugse årstalet. Fabrikken låg ned mot sjøen, ikkje langt unna der som klesbutikken til Bergset er. Trur eg.

    SvarSlett
  2. Ein får håpe og tru at historielag syter for at det vert skrive ned, slik at det vert teke vare på. Eg skulle ønske at det vart lagt ut på nett, ikkje det at eg har sjekka ...

    SvarSlett
  3. Du finn mykje på nettet. Berre søk på "Firda margarinfabrikk, Nordfjordeid"- eg prøvde å kopiere lenka, men miste den undervegs.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...