lørdag 11. februar 2012

Meir om margarin

I går lærte vi at det fanst mange margarinfabrikkar i Norge, men at dei ikkje heldt det gåande så lenge. På NRK sine sider kan ein lese om Firda Margarinfabrikk som produserte margarin frå 1934 og ut på 60-talet.  Dei hadde ein margarin som det var smør i, nemleg Firda spesial.  Mor mi hugsar denne fabrikken, og det er ho som har tipsa meg.  Kanskje andre blogglesarar veit om andre margarinfabrikkar?

1 kommentar:

  1. Då eg fann bildet, såg eg at fabrikken låg rett nedanfor Bergsethuset akkurat slik eg hugsa.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...