lørdag 4. februar 2012

Bok 8: Min kamp 3

Denne boka har eg hatt liggande halvlesen sidan i sommar. Eg trur ein godt kan ha litt avstand mellom bøkene.

Eg har tidlegare spurt "Kva er det med Knausgård"? Det kan vere vanskeleg å definere.  Han skriv godt.  Han hugsar ikkje minst godt.  Og han er dønn ærleg.

I tredje boka handlar det om barndomen og tidleg ungdom.  Det er artig å lese korleis ein gut opplever denne brytningstida for oss som var jenter på 70-talet.

Nokre episodar gjer spesielt inntrykk.  Dei som har lese boka veit kva eg meiner når eg dreg fram den manglande sokken.  Karl Ove finn ikkje eine sokken sin etter symjetreninga.  Han set alt inn på å finne den - og nå bussen.  Han veit korleis faren vil reagere når han finn det ut.  Og det gjer han.

Eg har fjerde boka liggande. Den skal i alle fall få vente til eg har lese Falkberget og Skram!  No er eg inne i ein klassikarperiode.

1 kommentar:

  1. Bok nr.3 er den mest gripande av alle bøkene, etter mi meining. Episoden med sokken er det som sit att hos meg også.
    No les eg nr.6, som er mykje annleis enn dei andre bøkene. her auser forfattaren ut av all sin kunnskap om litteraturanalyse, historie, filosofi, malarkunst etc. Denne boka er ikkje så lettlesen som dei andre, men veldig interessant. Trur den vil vere noko for Øystein.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...