fredag 17. februar 2012

Bunadssølv og underskjørt

 I dag såg eg på facebook at der skulle vere ein sølvsmed på E-design.  Frøkna manglar inngravering av namn på bunadslomma, så eg tenkte eg kanskje kunne få gjort det på minuttet.  Men det gjorde ho ikkje.  Det einaste frøkna mangla av sølv, er manskjettknappar.  Desse er ikkje stansa som dei andre i butikken.  Prisskilnaden var ikkje så stor sidan det var 10% på sølvsmeden sine varer.
 Elles så slo eg til på eit slikt underskjørt.  Dei finst i raudt og svart. Som de ser, valde eg raudt.
I kanten nede er det to glidelåslommer. Kan det vere til bankkort og førarkort til dømes?  Den vanlege lomma høver vel best til myntar ... (Pris 399,- om nokon lurer).

3 kommentarer:

  1. Underskjørt til bunad altså?

    God vinterferie!!

    SvarSlett
  2. Ja, det er visst laga etter eit gammalt raudt dei har funne. Då eg høyrde det var eg ikkje i tvil om fargevalet.
    Gog vinterferie til deg og!

    SvarSlett
  3. Hei,
    Kom forbi din side på jakt etter et underskjørt til bunad. Hvor har du kjøpt ditt?

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...