fredag 24. februar 2012

I indre strok

 I dag bestemte frøkna og eg oss for å ta oss ein tur inn i bygdene og handle kombinert med eit besøk hos slekta.

Amfi i Ørsta er ein stor byggeplass for tida, men du merkar ingen ting når du kjem inn. Etter at frøkna hadde ulysta seg i klesbutikkane, ville eg innom gåvebutikken der og sjå etter forskjellig.  Eg har servise til konfirmasjonen, men manglar glas.  Viss eg kjøper stetteglas til alle, får eg plassproblem i skåpa, men nokre stableglas skal eg alltids få rydda plass til.  Så oppdaga eg at iittala har skifta grønfarge på glasa sine.  Etter ei tenkerunde kom eg fram til at det kanskje er like greitt med halvparten av kvar sort.  Desse eplegrøne synest eg er fine.
Ein stad vi ikkje har vore før i dag, er på den nye Coop-butikken i Furene.  Så dit for vi på heimvegen. Kva skal ein seie? Der var mykje rimeleg kjøkenutstyr i Coop-merke, men lite merkevarer.  Elles var der litt av kvart i t.d. Lego, garn og filmar. Utvalet i mat er større enn det vi er vane med her, men prisane var som på Prix det eg kunne sjå.  Eit par lokketilbod var der sjølvsagt, og så såg eg at biffkjøtet låg 10 kr under prisane her.  Eg vart eigentleg så overvelda at lite datt ned i handlevogna.  Det som freista mest, var nokre nashipærer til 25 kroner kiloen.  For meg kunne butikkane gjerne kutte ned på utvalet av eplejus t.d. og så utvide frukt- og grønttilbodet.  Pastinakk såg eg at Wenche brukte på frukost-TV ein morgon.

Som om ikkje dette var nok, runda vi av dagen med eit besøk på Blåhuset i Ulsteinvik.  Vi hadde planar om å hente ei datamaskin som skulle kome i går.  I staden vart det til at vi kjøpte inn bordremser og kaffiserviettar til konfirmasjonen i mai.  Så har vi noko på plass ...

2 kommentarer:

  1. Pastinakk brukar eg mykje. Den er ein fin variasjon ift selleri, ikkje så krydra og litt søtleg. Veldig fin når den vert omnsbakt, til dømes saman med gulrøtter og andre rotgrønsaker.

    SvarSlett
  2. Komande veke skal vi omnsbake grønsaker på skulekjøkenet. Eg ser ikkje vekk for at eg blir inspirert av meg sjølv, som eg plar seie ... Dety skulle vel gå an å finne jordskokkar ute i åkeren og. det som er fint med omnsbaking, er at folk kan forsyne seg mmed dei grønsakene dei liker. med mange born kan ein ha rikeleg med potetbåtar.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...