Ein av dei rettskrivingsreglane det vert synda mykje mot i nynorsk, er regelen for bøying av substantiv i inkjekjønn bunden form fleirtal. Regelen er enkel: Inga ending!
eit stykke - stykket - ( stykke - (dei) stykka
Retteprogrammet i word gir raud strek under feil bøying.
Eg bruker å seie til elevane at når dei skal jobbe i butikk, skal dei selje eple. Legg også merke til at det kan heite anten fleire bilde eller bilete.
Ja, dette er feil ein ofte ser. På butikken her står det ofte raude epler -raude er nynorsk altså heiter det raude eple (bokmål røde epler). Ja dette veit eg at du veit.
SvarSlettForresten heiter det ikkje "gå i stykke" på nynorsk, men "gå sund". I mitt språkmedvit er "gå i stykker" eit fast uttrykk.Må igjen presisere at eg ikkje sit med raudeblyanten når eg få private brev, mailar e.l. Det er den offentlige språkbruken som skal vere korrekt.
Fasiten:
SvarSlettdel som er skild frå el. teken av noko; bete (II,3), del, lut, stump bryte av eit s- sjokolade / skjere eit s- av kaka / eit s- smørbrød / eit s- av åkeren / del, parti lese eit s- av ei bok / falle, gå i s- gå sund / rive i stumpar og s- / s- for s- bit for bit
Nei, eg er ikkje ute etter "vanlege folk", men ein bør forvente betre av profesjonelle. På framsida av aviser ...