mandag 9. april 2012

Ei påske er over ...

Feriar går alltid fort.  Før ferien tenkjer ein på alt ein har lyst å gjere.  I år sette snøen ein stoppar for hagearbeid, men elles har vi vel fått gjort litt av kvart.  Familien har vore samla fleire gonger, både den vesle og den utvida.  Berre ein svoger med familie har ikkje vore på desse kantar.  Men det er berre vel ein månad til konfirmasjonen.

Studenten driv og pakkar kofferten.  Han skal ta nattbussen til hovudstaden.  Det går radig, berre trasig at han må vente 1 1/2 time i Ålesund!  Bussen går ikkje bortom kaia.  Halve familien er på Høddkamp.  Journalisten er i Molde.  Sjølv har eg full dag i morgon, så det er nok å ta tak i.

1 kommentar:

  1. Merkeleg kor fort slike dagar går.
    Men kvardagar er det flest av, så det er vel berre å bite i sureplet å stupe ut i dei..

    Ha fin veke!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...