lørdag 7. april 2012

Focaccia er aldri feil!

 I går var vi utan nett i fleire timar.  Det skjer sjeldan. Vanlegvis bruker blogglesarane å få vite kva eg serverer når vi har gjester.  I går serverte eg det eg kallar villokse.  Eg kjøpte flatbiff og laga det som ei viltgryte med rømme, knuste einebær og rognebærgele i.  Mot slutten hadde eg i steikt løk og sopp.  Eg brukte ikkje oppskrift, men om blogglesarane vil ha ei, så bruk gjerne denne.
 Det er ein i huset som er svært glad i focaccia, og det bør helst vere berre med salt og rosmarin.  Fersk rosmarin var ikkje å sjå i butikken før helga, så det måtte bli med tørka.  I går vart brødet servert til eit ostefat.

Focaccia
1/2 pk gjær - eller helst mindre om du har god tid
4 1/2 dl vatn
3/4 ts salt
4-5 ms olivenolje
11-12 dl kveitemjøl

På toppen:
2-3 ms olivenolje
1-2 ts grovt salt
1 ts tørka rosmarin

Smuldre gjæren i bakebollen.  Ha i fingervarmt vatn.  Set til resten av ingrediensane.  Eg brukte brødbakemaskina til å kna deigen (Derfor 4 1/2 dl væske).

Trikset for å få store porar i brødet, er å legge deigen over i ein bolle med rikeleg olivenolje.  Når deigen har heva til dobbel storleik, er det berre å la deigen renne ned på bakeplata og trykke den flat med hendene.
 Når brødet har heva til dobbel storleik att, lagar du groper i brødet med fingrane og fyller dei med olivenolje. Dryss på salt og rosmarin.
Steik focacciaen ved 220 grader i ca 20 minutt.

2 kommentarer:

  1. Dette såg godt ut!
    Har satt bolledeig. Brukar litt bakepulver saman med gjera. Veit ikkje kor vanleg det er? Men lærte det med ei gamal svensk kone i min ungdom. Somme brukar egg i bolledeiga også, hender at eg gjer det. Mat er spennande ;-) Må vel bake ut bollane før eg lagar Pizza.

    God Påske!

    SvarSlett
  2. Eg bruker egg, men ikkje bakepulver. Det ser eg at andre gjer. No har det kome raud gjær, og eg svergar til den.

    God påske!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...