søndag 15. april 2012

Jakke i Hverdags

Då eg starta å strikke denne jakka, tenkte eg at ho kom kanskje til å bli ferdig før 17 mai.  Men det viste seg at når ein skal strikke einsfarga i rette masker, så går det ganske fort.  Slikt arbeid høver godt når ein skal halde seg vaken framfor fjernsynet. Eit strek i rekninga var at ein del av mønsteret skal strikkast med tre trådar på pinnen.  Det går seint med meg, ikkje minst øvst der det skulle strikkast fram og tilbake.

For strikkeinteresserte kan eg opplyse at mønsteret fann eg i eit hefte frå SandnesGarn som heiter "Til fjells". Mønsteret er i minialpakka, men eg valde Hverdags.

Vesten som eg strikka i Hverdags, er eit sånt plagg som ein kan flytte inn i.  Eg trur det løner seg for meg å strikke i tynt garn, for då vert plagga brukte.

8 kommentarer:

  1. Den vart kjempefin!
    Gratulere, du er 1 mnd før skjema då ;-)

    SvarSlett
  2. Ja, eg tenkte den kom til å bli litt utanom sesongen. Men trur den får eit par veker på seg - minst?

    SvarSlett
  3. Å strikke mønster fram og tilbake høver ikkje for mitt temperament. Jakka er kjempefin, og sidan den ikkje er for tjukk blir den sikkert mykje brukt.

    SvarSlett
  4. Skikkeleg fin jakke! Dette tok ikkje mange vekene. Sikkert lurt å satse på litt tynt garn, då blir plagga brukt!

    SvarSlett
  5. Som eg sa ein dag før, den jakka kjem du til å kose deg i.
    Kjempefin !!

    SvarSlett
  6. Den vart kjempefin! Og monteringa gjekk visst problemfritt også:)

    Eg haaatar å strikke fleirfarga mønster fram og tilbake, og særleg med tre fargar, då blir eg rett grinete.... God innsats her!

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg trur eg er fornøgd med innsida og. Greitt å vere på eit lærarrom. Der kan ein få svar innan mange fagområde ...

      Slett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...