tirsdag 28. august 2012

Fleire reformer

Og i dag er det ikkje nynorskreforma det er snakk om, sjølv om det kan sjå slik ut. Måltider er inga nynorsk fleirtalsform.  Det heiter framleis eple, bilete (bilde står ikkje i ordlista anna en på altarbilde?), møte - og måltid i inkjekjønn fleirtal.

Statens ernæringsråd har kome med nye nøkkelråd, og sidan vi får nye kokebøker kvart år, er endringane på plass!  Du finn dei her - på bokmål ...

- Ein skal framleis ete "fem om dagen", men poteta er ikkje med i rekneskapen.
- Ein skal ete 350-400 g rein fisk i veka, av dette bør 200 g vere feit fisk.Dette rådet er meir konkret enn før.  Så svært store endringar er ikkje dette, og for dei som følgjer med i tida, er det ikkje særleg nytt.

Eg såg forresten i eit vekeblad at det siste no ikkje er lavkarbo, men grovkarbo.  Velkomen etter!

7 kommentarer:

  1. Fort gjort at Kokebøker går av moten.Grovkarbo
    høyrest fornuftig ut!

    SvarSlett
  2. Vi et mykje fisk, men ikkje så ofte FEIT fisk. Er ikkje den magre fisken sunn? Eg tek Omega 3-tablettar kvar dag-veg ikkje det opp for den magre fisken.
    Det er mange rare diettar ute og går, men eg reknar med at frukt, grønsaker og grovt brød aldri går av moten. Det brødet eg et mest av er 100% grovt.Meiner at vi har eit relativt sunt kosthald.
    Eg skrib eit bilde-fleire bilde. Du får meg aldri til å skrive bilete. Er det nokon som seier det?

    SvarSlett
  3. Eg meiner at den nye nynorsken ikkje er tufta på dialektane slik han skal vere.

    Når ein et mager fisk, bør ein vel ete levre - eller ta tran eller liknande. Det er mykje godt fiskepålegg å få tak i, men eg har og litt å gå på når det gjeld den feite fisken.

    Grovt brød må no vere basis i eit sunt kosthald!

    SvarSlett
  4. Eg har lenge lagt merke til at folk bøyer inkjekjønnsord i fleirtal som på bokmål, det høyrest vel finare ut?

    SvarSlett
  5. Dei seier det i alle fall ikkje ...

    SvarSlett
  6. Her på Sunnmøre har vi eit problem som ikkje finst i Nordfjord, og det er alle orda som vert til hokjønnsord når dei passerer grensa.
    Døme:
    ei garasje-garasja
    ei heis-heisa
    ei krus- krusa
    ei kork- korka
    ei tekst-teksta
    og mange, mange andre.

    Eg blir av og til litt sprø av det.
    Sei meg, er det valfrie kjønn på substantiva i den nye rettskrivinga

    SvarSlett
  7. Det er mykje som før, ei krus og ei tekst er lov, men det er skilnad på ein kork -korken og å vere korka!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...