onsdag 15. august 2012

Alt er ein overgang ...

 No har vi allereie vore to dagar på jobb.  Vi er i siget.  Etter ein og ein halv dag med kurs på ein annan skule, var det godt å kome til sin eigen arbeidsplass.

I år skal eg undervise i på åttande og niande trinnet.  Etter fire år med tiande vert det ein overgang.  Det kan bli godt med ein pause frå eksamen til våren, kjenner eg.

Nokre kollegaer må levere barn i barnehage.  Det er ein overgang.  Sjølv synest eg den tøffaste overgangen er når dei reiser heimanfrå for første gong.  Ein veit ikkje om dei vil finne seg til rette i byen og på studiet.  Det og bruker å gå bra.  I år starta vår student på fjerde året.  For han vert det vel Oslo som er "heime" etter kvart. Det er berre ein ting som er verre enn at dei flyttar heimanfrå, og det er at dei ikkje gjer det, plar eg seie.  Ein skal vere glad for at ungdomane er i stand til å greie seg sjølve.

I fjor skreiv eg nokre råd til studentar som flyttar heimanfrå. Eg har og fått nokre spørsmål om enkle rettar og om "Korleis steiker ein fisk?".  Eg får prøve å kome attende med nokre enkle oppskrifter og framgangsmåtar etter kvart.

Eg kunne gi mange råd til foreldre.  Ein skal ikkje gi råd som ein ikkje vil følgje, har eg lært.  Men det som kan vere lurt, er å nytte det (dei!)siste året (åra) dei bur heime til å lære dei til dømes å vaske kle og anna husarbeid dei vil få bruk for. Då heimkunnskap vart til mat og helse, vart skjortestryking, flekkfjerning og ullvask ute av planen.  Men kunnskapen trengs!
Bilda er frå tysdagsturen langs Rotarystigen.

2 kommentarer:

  1. Spennande dagar rundt skulestart. Kjenner litt vemod ved tanken på at eg skulle ha vore der...

    Flott innlegg !

    Ynskjer deg god start på nytt skuleår !

    SvarSlett
  2. Sanne ord! Men ikkje alltid like enkelt å lære frå seg. Du veit det går fortast å gjere det sjølv ;-)

    Nydelig regnboge B-)
    Den var her også.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...