torsdag 16. august 2012

Skadedyrmishandling

 Eg tenkte eg skulle ta med blogglesarane ut i hagen. Her er varmt og fint til langt på kveld for tida.  Først må de få sjå den flotte planten eg fekk av naboen.
 Sukkererter frå far min si avling i fjor.  Han er flink å samle frø.  Blomstrane er lilla.
Dette er ein plante som har vakse fram her.  Eg har ein mistane om kvar den kjem frå.  Er det nokon som veit namnet?
 I fjor kjøpte vi oss to nye hekkar.  Dei har vakse litt.  No gjødslar eg dei med kaffigrut.  Ein nabo meiner det kan hjelpe mot sniglar.  Om det stemmer, er eg litt i tvil om, men det skader i alle fall ikkje.

Måndag fekk eg kjøpe dei siste dråpane av sniglegift som er å oppdrive på øya i år.  Eit par kveldar har eg no gått rundt i nabolaget og samla inn iberiasniglar.  Desse har eg marinert i gifta eitt døgn i ein boks med lok.  Så har eg klipt desse sniglane i to og spreidd dei i min eigen hage og hagen til ein alliert. I løpet av natta er det meininga at andre sniglar skal ete desse med gift i, og så skal stadig nye sniglar stryke med.

 Eg har fått spørsmål om ikkje dette er dyremishandling.  Kva skal ein seie, skadedyrmishandling?  Eg håper hagelaget har same tilbod til våren om det skulle bli nødvendig.


3 kommentarer:

  1. Noe må en gjør for å bli kvitt disse skadedyrene.
    Godt at det er hjelp å få. Spiser sneglene hverandre?
    Her har vi ikke sett noe til disse sneglene, enda.Håper ikke de kommer heller.
    Ønsker deg ei herlig helg :)

    SvarSlett
  2. Eg var ut og mishandla åmene som et opp blomkarsen, eg klipper dei i to på same tid som eg klipper bort dei skadde blada. Men dette er insekt som høyrer heime her. Rart at eg kvir meg meir med å ta livet av sommarfuglane enn larvane deira.(Kvit kålsommarfugl er syndaren her).

    SvarSlett
  3. Iberiasniglane er kannibalar. Derfor er det dei ein tek livet av og ikkje dei boasniglane t.d. som høyrer heime her. Andre dyr gjer og skade, det er irriterande, men ...

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...