mandag 5. mars 2012

Kvardagsvest

Denne vesten strikka eg i eit garn som heiter Hverdags.  Eg fann ei oppskrift på ein genser på Drops design og rekna om strikkefastheita ved å gonge med 27 og dele på 24. Vesten er felt jamnt inn i livet og lagt ut att i sidene.  Til brotet på ermane la eg opp og felte inn som på bolen. Det vart mykje matematikk! Med så tynt garn og pinnar nr 2,5 og 3 vert dette eit godt plagg å ha på seg på jobb.

9 kommentarer:

  1. Kjempefin vest!
    Såg du retro-vestane på serien i går kveld? Du er vel for ung til å ha hatt ein slik...

    SvarSlett
  2. Eg hadde ein lillastripete pullover, som vi kalla det.

    SvarSlett
  3. Vi har diskutert litt dette omgrepet vest. Far din og eg meiner at vestar har opning framme, ev.med knappar. Pullover er ein genser utan ermar. Slik var det i alle fall før. Kva eg skal kalle det nye klesplagget ditt er eg litt i tvil om, ville vel helst kalle det ein korterma genser. Fin var den i alle fall, så kan du forske vidare på omgrepa

    SvarSlett
  4. Einig i at det er ein korterma genser (som eigentleg skulle ha lange ermar).

    SvarSlett
  5. Kjempefin korterma genser du har strikka :D Den passar heilt perfekt, så du har nok kontroll på matematikken!

    SvarSlett
  6. Genseren ble flott. Fine farger og mønster:)

    SvarSlett
  7. Utrolig fin:)
    Jeg skulle ønske jeg likte å strikke, men hver gang jeg prøver, så finner jeg ut at jeg liker det svært dårlig ;) Men jeg går glipp av så mange fine plagg da ...

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...