I morgon er ein stor dag i slekta, noko som sikkert vil vise att på bloggar og facebook. Frøkna skal stille i den nye bunaden sin, og til Sunnmørsbunaden skal det vere raud strømpebukse nettopp for frøkner. Dette trudde eg skulle vere ei smal sak å få tak i etter at vi hadde kjøpt sko. På ein kjedebutikk fekk vi høyre at den var eigentleg svensk. Akkurat som om det var noko unnskyldning når ein har etablert seg i alle byar og store bygder i heile Noreg. Cerise er visst fargen i Sverige.
På bunadsbutikken i bygda hadde dei berre raude strømpebukser i storleiken XL att. På dette tidspunktet var eg begynt å ergre meg over heile skikken med raud strømpebukse. Kor tid vart det oppfunne? Svart er vel den fargen som vart brukt frå gammalt av? Verken til Sogne- eller Nordfjordbunaden bruker ein noko anna enn svart strømpebukse! Og kjor mykje vil det vise? Kven vil bry seg?
Eg prøvde nabobutikken. Kanskje dei hadde i største barnestorleik? Nei, men der kunne dei fortelje at Karmen har hatt.
Så då for eg dit. For folk som ikkje er lokalkjende får eg forklare at det er namnet på ein flott klesbutikk med same inngang som Prix. Eg går i alle fall forbi der annankvar dag ...
Og der hadde dei ?
SvarSlettMykje fint hos Karmen !
Ja - og det vart raud strømpebukse.
SvarSlett