fredag 2. mars 2012

Sjokoladefromasj

I kokeboka som niandeklassingne får, er der ikkje så mange dessertar.  Der er ein fromasj, nemleg med sitron.  Den er populær.  Eg har laga oppskrift på ein sjokoladefromasj med appelsinjus (Vi pressar appelsinar.).  Denne liker også elevane godt. Heime ville eg ha gonga oppskrifta med tre og brukt heile sjokoladeplata.  Eg har også merka meg at ungdomane stort sett liker lys kokesjokolade.  Sjølv liker eg best mørkast muleg. Bildet er frå skulekjøkenet.





Sjokoladefromasj

3 plater gelatin

2 egg
1 ½ ms sukker

2 ms kokande vatn

¼ plate kokesjokolade

2 ms appelsinjuice

1 dl kremfløyte


1.    Legg gelatinplatene i bløyt i kaldt vatn i eit ½-litermål av stål.
2.    Kok opp litt vatn i ei lita stålpanne.
3.    Riv sjokoladen.
4.    Visp eggedosis av egg og sukker.
5.    Pisk fløyten til mjuk krem.
6.    Klem vatnet godt ut av gelatinen og løys han i 1 ms kokande vatn.
7.    Rør gelatinen (tynn stråle!) inn i eggedosisen med slikkepott.
8.    Rør forsiktig inn sjokolade og appelsinjuice.
9.    Bland forsiktig inn kremen til slutt.
10. Ha fromasjen i ei dessertskål og set han i kjøleskåpet til 
              servering.

4 kommentarer:

  1. Mmm - den oppskrifta er god :) Men eg er einig i at meir, og mørk sjokolade må til ;)
    Helsing frå ei til som er heimkunnskapslærar (eller var ;))

    SvarSlett
  2. Sjokolade + appelsin er godt, og sjokoladen bør vere så mørk som mulig. Etter min smak. Ikkje ofte eg lagar dessert, men denne fekk eg lyst å prøve.

    SvarSlett
  3. Denne har det vore snakk om denne veka ;)
    Spørst om ikkje ungdommen skal få kokkelere litt i kjøkenet i helga :)

    God helg Solveig!

    SvarSlett
  4. Eg synest det er kjekt at fleire får prøve seg med gelatin når eg først har demonstrert teknikken. og dei vert litt imponerte over seg sjølve...

    God helg!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...