Det har begynt å bli ein vane å køyre frøkna på korpsøving på måndagane før eg stikk innom biblioteket. I dag var der nye lydbøker. Eg har begynt å venje meg til i-poden. No er neste utfordring å få lasta ned i-tunes på den nye datamaskina. Blogglesarane må gjerne anbefale ei eller fleire av bøkene ovanfor!
Med den gamle datamaskina forsvann lydbokbiblioteket mitt. Det var like greitt. Så vert det meir orden. Men det er også greitt å lage seg eit lite nytt eit.
Hekleboka lånte eg for å finne oppskrifter på hekla blomster til nokre elevar som ville pynte tøflane sine med det.
Eg var på biblio og forsynte meg på laurdag, brukte mykje av dagen i går til ripping etc. Begynte på ei sånn "bestsellerbok" same forfattar som "Arven". Godt å slappe av med. Poulo Cohelo kan du ha for meg. Har lese mange av bøkene hans, utan at eg har begynt å like han av den grunn.Ein av verdens mest siterte forfatterar!!!
SvarSlettDen er berre 4 CD-ar. No har eg begynt på Vigdis Hjorth. Det er enkelt og morosamt.
SvarSlett