I den nye raudruta kokeboka frå 2010 såg eg ein freistande dessert, nemleg tuttifruttikompott. Desserten er presentert med eit flott bilde. Eg kunne ikkje hugse å ha sett den i 1986 utgåva, men der tok eg feil.
I kjøleskåpet hadde eg både rikeleg med pærer, eple og nokre sure plommer. Kanelstenger kjøpte eg på halv pris etter jul ...
Eg starta med å koke dobbel porsjon med lake. Dette dekte ikkje dobbel porsjon med frukt (Plommene var store, så eg dobla ikkje der.), så eg kokte frukta i to porsjonar med minste mengde sukker og litt sitronsaft. No har eg smakt på både lake og frukt. Det var litt surt!
På skulekjøkenet sluttar eg som regel av med å spørje elevane kva dei har lært i dag. Eg trur det er viktig for dei å seie at dei har lært å lage noko. Av og til seier nokon kva dei har lært at dei ikkje skal gjere. I dag har eg lært at eg må ha litt meir sukker i tuttifruttien! Eg kjem til å servere vaniljeis til i staden for krem. Elles vil eg prøve med fleire krydder i. Heil anis i laken ville vel bli godt?
Det ser godt ut, men må vere søtt nok :)
SvarSlettEg brukar å hermetiser plommer og pærer, Brukar oppskrifta på laken som mamma brukte.
Søtt !
Men det er luksusdessert som ein et sjeldan, difor gjer eg det med (nesten) godt samvit ;)
Ha ein fin kveld.
Ein kan nok bruke same oppskrifta som til hermetisering. Eg har smakt for søt lake til fruktogså. Det gjeld å finne ein formel ein liker!
SvarSlett