Solveig, heiter det eigentleg arm eller erm?
Nokre spørsmål vert ein norsklærar meir glad for enn andre. I daglegtalen bruker mange berre
arm. Eg prøver å oppmode folk om å bruke ordlista.
erm -a [-i], -ar [-er] (norr ermr; av I arm) stykke av kledeplagg som dekkjer armane skjortee- / kjole med korte, lange e-ar
I arm m1 (norr armr) |
1 | framlem hos menneske og aper; hand (1) ha vondt i a-ane / gå a- i a- / halde noko på strak a- / ta imot (noko(n)) med opne a-ar særl overf: med største glede / kaste seg i a-ane på nokon særl overf: gje seg heilt over til |
2 | zool: gripe- el. rørslelem på ryggbeinslause dyr a-ane på blekkspruten |
3 | del av reiskap, ting e l som minner om ein arm (I,1) el. greinar seg ut frå noko a-ane på ei trillebår / ein a- av ein fjord / ein lysestake med sju a-ar |
Eg forklarte fort at erm er ein del av eit klesplagg medan arm er ein kroppsdel. Den same jenta trekte på smilebandet då eg sa at ein kan ikkje lett brette opp armane. Sjå det for deg, så skriv - og seier du - alltid
å brette opp ermane.
Eg kunne trenge lenkja til denne ordlista di!
SvarSletthttp://www.nob-ordbok.uio.no/perl/ordbok.cgi?OPP=&nynorsk=+&ordbok=nynorsk
SvarSlettLigg i sidefeltet oppe på bloggen. Eg bruker omtrent berre denne når eg rettar.