søndag 25. august 2013

Ferdigfeira

I går tromma eg saman nokre vener og naboar, dei er sjølvsagt også gode vener, til ei forseinka femtiårsfeiring, den siste i rekka. No har alle kome heim frå ferie. Eg kosa meg med å lage mat og dekke bord så å seie heile dagen, berre med små pausar.  Det vart lammegryte, spekemat og røykelaks.  Ostefatet fekk stå til kaffien. Fotoapparatet kom eg ikkje på å ta fram. Men før kaffien fekk eg beskjed om å stille opp.  Kakene fekk eg av flinke venninner.

Vi var svært heldige med veret.  Utekonserten under linda kunne haldast.  Den hadde ikkje vorte mogeleg i slikt ver som det var tidlegare i veka.

Eg får berre takke gjestene for hyggeleg selskap! Og takk til alle bidrag i ulik form!

2 kommentarer:

  1. Eg tenkte på det i dag: eg har vore med og feira 50-årsdagen til begge bestemødrene din, min eigen 50-årsdag og no din også. Føler meg som eg skulle ha levd i 100 år.Gratulerer med vel overstått feiring.

    SvarSlett
  2. Du kan no fortelje om likskapar og ulikskapar både på feiring og det å bli 50.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...