torsdag 20. desember 2012

Vørterbrød i brødbakemaskin

Eg trur det er slik med vørterbrød, at anten liker du det svært godt, eller så et du det ikkje.  Her i huset forsvinn eit vørterbrød på ein blunk.  Eg fekk beskjed om at eg treng ikkje lage det, berre lære dei det. Så no får eg berre legge ut ei oppskrift og kjøpe inn ingrediensane! Kanskje andre brødbakemaskineigarar hiv seg på.

Oppskrifta er den vi alltid har brukt, men eg har tilpassa den til brødbakemaskin d.v.s. eg har litt mindre rug og meir kveite, og så har eg hatt i eit egg.  Det kan sjølvsagt sløyfast.  Sirup er lettare å vege enn å måle synest eg. 
1 flaske vørterøl, lunke
100 g mørk sirup
50 g smelta margarin/smør
300 g sikta kveitemjøl
300 g sikta rugmjøl
1 egg
1/2 ts salt
1/2 ts anis, malen
1/2 ts allehande
2 ts tørrgjær

1 pk rosiner

Ha alle ingrediensane unnateke rosinene i brødbakemaskina.  Bruk program for stort søtt brød (5 på mi maskin).  Ha i rosinene mot slutten av knainga.  (Mi maskin pip når det høver.)
Er øl lunken eller lunke?
Sist eg las ei nynorskbok irriterte eg meg over snakk om ølen heile tida.  Det heiter vel ølet? I utdrag frå ordlista under ser ein at ein skil mellom ein øl, som er ei oppmålt mengde, og drikken øl.



II øl m1

(av III øl) flaske (glas, seidel og liknande) med øl (III)
ta seg ein øl/ det er godt med ein øl i varmen / to øl, takk



III øl n1

(norr ?l)alkoholhaldig drikk laga av vatn, malt, humle og gjær; i ordtak:
når ølet går inn, går vitet ut

Når det er sagt, så er det vel betre å seie at væske skal vere fingervarm slik eg skreiv i går ...

2 kommentarer:

  1. Takk for oppskrift! I dialekten her er "øl" hokjønn når det er snakk om ei flaske eller eit glas ("å ta seg ei øl"). "Ølen" høyrest derfor heilt feil ut uansett rett eller feil bruk.

    SvarSlett
  2. Einig, og ølet er lunka uansett!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...