lørdag 29. desember 2012

Solveigs Smash-is - steg for steg

Til konfirmasjonen i år fekk eg ei nydeleg kake, nemleg ei Smash-iskake. I dag har eg ikkje laga nøttebotnen, berre isen, for eg har tenkt å servere den med kransekake attåt.  Som de veit, liker eg ikkje å lage små porsjonar, så eg laga av ein stor pakke fløyte.  Oppskrifta er laga med utgangspunkt i ei dajmiskakeoppskrift.
 Du treng:
7 1/2 dl kremfløyte

2 dl sukker
8 eggeplommer

1 ms pulverkaffi+2-3 ms kokande vatn

1 pk knust Smash

 Start med å koke pulverkaffi.
Kle 2 former 1 1/2 l med plasfolie.  Plastremsa må vere så lang at du kan dekke isen oppå også.

 Knus Smashen.  Her kan du bruke plastpose og kjevle.
Skil egga.  Eg tok vare på 4 eggekvitar i to glas.  Då kan eg lage marengsbotnar til nyttår om eg vil.
Pisk kremen mjuk, litt mindre stiv enn til blautkake.  Eg har både plast- og stålbolle og to vispar.
 Pisk eggedosis av eggeplommer og sukker.  Her må du ha heilt rein reiskap.
Bland ingrediensane forsiktig saman.  Bruk slikkepott!
Fordel massen i formene.  Dekk med plastikk.  Set formene i frysaren.  Når du tek isen opp frå frysaren, er det lett å gjerne plasten.

Ha isen på eit fint fat.  Pynt gjerne med friske bringebær og eventuelt Smashsjokolade.

4 kommentarer:

  1. Takk for oppskrift!
    Har kanskje spurt før. men kva kjøkkenmaskin har du? Vår 25 år gamle maskin er ikkje i form lenger. rettare sagt er det delane som sviktar og ikkje sjølve maskina.. har lyst på Kenwood Major ;-)

    SvarSlett
  2. Eg har Kenwood Major og anbefalar det. Lurt å slå til på eit tilbod med to bollar.

    SvarSlett
  3. Dette var litt av en fristelse.
    Må nok prøve den en gang.
    Har og en Kenwood Major med to boller. Veldig greit når en driver å bake litt forskjellig samtidig.
    Riktig god helg til deg :)

    SvarSlett
  4. Takk for det!
    Trur matbloggarar har Kenwood og interiørbloggarar Kitchen aid? Kenwoode er god til alle kaker og til brøddeigar med inntil 1 1/2 l væske. Viss ein vil ha ei maskin til berre brødbaking, finst det sikkert betre, men Kenwooden er ei allroundmaskin. Vispen er svært god til eggedosis og marengs.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...